Laurdag 1. mai: kl. 10.00–18.00
Søndag 2. mai: kl. 11.00–17.00
Til deltakarane på Båt i Florø 2010
Vi kan sjå tilbake på nok ei suksessfull båtmesse. Messa er blitt ein viktig møteplass for både dei som sel båtar og utstyr, og folk som vil sjå og kjøpe. Vi veit at mange av utstillarane dette året reiste heim igjen med velfylt ordre- bok og gode opplevingar, og det er slik vi vil ha det.
UTSTILLARAR
Vi inviterer utstillarar av båtar, motorar, utstyr og alle som meiner båtfolk er rette målgruppa, til standplass på sjøen og på land. Gjestebrygga i Florø sentrum er den mest vitja gjestehamna i Sogn og Fjordane, og under båtmessa satsar vi på å få fleire gjestar enn nokon gong. Det er båten som står i sentrum denne helga, men samarbeidspartnaren Quality Hotel Florø som er nabo til bryggeanlegget vårt, vil også tilby «noko attåt», med uteservering, havets delikatessar, rimeleg overnatting og båtdans.
Planlegg båtsesongen 2010 med tanke på at Florevika Båtmesse er blitt ein tradisjon den første helga i mai kvart år!
Vi ønskjer dykk velkomen til Båtmesse i Florø 1. og 2. mai 2010!
PÅMELDING/ INFORMASJON:
FLOREVIKA GJESTEBRYGGE AS
Postboks 548, 6903 Florø
e-post: malvin@atila.no
KONTAKTPERSONAR:
Stein Kjetil Holvik 909 25 570 / Malvin Horne 905 66 208
Last ned program og opplysningar HER
